
Lokalpuls kjem til Bø og Seljord!
Sparebanken DIN Telemark inviterer i samarbeid med Sparebankstiftinga Bø og Sparebankstiftinga Seljord til Lokalpuls – ei samling for lag, foreiningar og frivillige krefter i lokalsamfunnet. Dette er ein kveld fylt med inspirasjon, kunnskap og praktiske råd for å styrke økonomien i laget ditt og sikre ei trygg og effektiv drift.
💛 Lokalpuls - ein møteplass om engasjement, aktivitet og støtte til lokalsamfunnet. Saman skal me skape gode kvardagar!
Erik Holtan, sponsor- og berekraftsansvarleg i Sparebanken DIN Telemark, ser fram til samlingane:
– Lokalpuls handlar om å samle dei som bidreg til eit levande lokalsamfunn. Me ynskjer å gi lag og foreiningar gode verktøy for å sikre drift og vidare utvikling. Dette er ein kveld for å lære, dele erfaringar og få svar på det de lurer på.
Han legg til:
– Gjennom samarbeidet med Sparebankstiftinga Bø og Sparebankstiftinga Seljord, kan me gi viktig innsikt i dei moglegheitene som finst for å søkje støtte og utvikle prosjekt som kjem fellesskapet til gode.
Velkomen til ein inspirerande kveld med fagleg påfyll og hyggeleg lag!