
Nominer din bedrift til Bærekraftsprisen 2025
Fristen for å nominere din bedrift til Bærekraftsprisen 2025 nærmar seg. Alle bedrifter i Telemark kan delta – uavhengig av bankforbindelse. Juryen vil i år sjå breitt på innsatsen innanfor berekraft – både dei sosiale, økonomiske og miljømessige aspekta.
Vi har snakka med Vegard Hauk Bjerkeli, leiar for Bedriftsavdelinga i Sparebanken DIN Telemark, om kvifor prisen er viktig og kva juryen ser etter.
Kvifor deler de ut Bærekraftsprisen?
– Formålet er å løfte fram bedrifter som tek ekstra steg for å fremje berekraft i Telemark. Vi ønskjer å inspirere fleire til å ta ansvar og utvikle løysingar som bidreg positivt både for menneske, miljø og økonomi. Prisen skal synleggjere dei som jobbar målretta med berekraft i strategi, handlingar og kvardagen elles, seier Bjerkeli.
Korleis vurderer juryen kandidatane?
– Juryen ser etter bedrifter som har identifisert kva berekraftsmål dei ønskjer å bidra til, og som viser korleis dei systematisk jobbar for å nå desse. Tiltak kan vere knytt til miljø og klima, sosial inkludering eller økonomisk verdiskaping – gjerne i kombinasjon. Vi ser òg etter engasjement, nytenking og om bedrifta kan inspirere andre, fortel Bjerkeli.
Slik nominerer du
Nominasjon gjer du enkelt ved å fylle ut skjemaet under. Alle bedrifter som har gjort ein innsats for berekraft kan nominerast – anten av seg sjølve eller av andre.
Kriterium for å delta
For å bli vurdert til prisen må bedrifta:
- Vere etablert i Telemark.
- Ha gjennomført eitt eller fleire tiltak for berekraftig utvikling.
- Ha berekraft nedfelt i strategi, handlingsplanar eller mål.
Bedrifta blir vurdert etter:
- Om dei har identifisert kva berekraftsmål dei ønskjer å bidra til, og korleis dei strategisk jobbar opp mot desse.
- Om dei er til inspirasjon for andre – særleg med engasjement og nytenking.