Kundeval i banken - valnemda ynskjer forslag
I samsvar med banken sine vedtekter har kundane i banken høve til å kome med forslag til valnemnda på medlemmer til banken si Generalforsamling.
Det skal i år veljast to medlem frå valkrins Seljord (Vest-Telemark), og to medlem frå valkrins Bø (Midt-Telemark) for 4 år.
Send inn forslag
Forslag på kandidatar må kome til valnemnda innan 6. februar 2026.
Forslag sendast på e-post til; firmapost@sparebankendin.no eller du kan levere den i ein av banken sine ekspedisjonsstader. Skriv namn og adresse på den som blir foreslege.
Merkast med "Forslag kundeval 2026".
Valnemnda vil samle alle forslag, vurdere og prioritere. Dei vil legge fram sine forslag på kandidatar og gjennomføre kundeval i mars 2026.
Vedtektene seier kven som kan veljast, foreslå og stemme ved kundevalet:
Dei myndige kundane i Sparebanken DIN som har, og i dei siste 6 månadene har hatt, innskot eller lån på minst kr 2.500 har røysterett når kundane skal velje medlemmer til generalforsamlinga i Sparebanken DIN. Kvart kundeforhold gjev éi røyst i kvar valkrins når ikkje anna fylgjer av lova eller vedtektene .
Vedtektene seier følgjande om samansetning av Generalforsamlinga og kundevalet:
Generalforsamlinga skal ha 16 medlemmer med 8 varamedlemmer. Det skal leggjast vekt på at dei valde medlemmene samla speglar sparebanken sin kundestruktur og andre interessegrupper, samt samfunnsfunksjonen. 8 medlemer og 4 varamedlemmer vert valde av og blant kundane til sparebanken. Kundane kan velje medlemmer og varamedlemmer i begge valkrinsane.
I Generalforsamlinga må 4 medlemmer og 2 varamedlemmer ha bustad eller virke i valkrins Bø, og 4 medlemmer og 2 varamedlemmer ha bustad eller virke i valkrins Seljord.
Valkrins Bø omfattar kommunane Midt-Telemark og Nome. Valkrins Seljord omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje.