Ta turen innom oss i Seljord – alt samla på ein stad

Midt i Seljord finn du oss, eit lokalt bankkontor der du får alt samla på ein stad. Enten du treng hjelp, gode råd eller berre ein prat om økonomien din, står me klare til å ta imot deg.

Hos oss har me døgnopen minibank og innskotsmaskin, slik at du kan ordne det praktiske når det passar deg. Det er godt med parkeringsplassar rett utanfor, så det skal vere enkelt å svinge innom.

Me har ope alle kvardagar frå klokka 10 til 15. I opningstida møter du eit engasjert og hjelpsamt team som gjerne hjelper deg med spørsmål om økonomi, lån, forsikring og sparing. Enten du planlegg bustadkjøp, vil kome i gang med sparing, treng forsikringar som gir tryggleik – eller berre ønskjer ein gjennomgang av økonomien din – me tek oss tid til deg.

Anne Mari og Silje, saman med Irene, Odd-Aksel, Camilla, Elisabeth, Annette og Ingvill, står klare til å ta deg imot. Her blir du møtt med eit smil, ein kopp kaffi – og ein god og personleg prat.

Me er opptekne av å vere nær, nysgjerrige og hjelpsame. Det betyr at me lyttar, stiller spørsmål og finn løysingar som passar for deg og di livssituasjon.

Velkomen innom oss i Seljord – Me gler oss til å sjå deg!