Bankens vedtekter

Her finner du vedtekter for Sparebanken DIN Telemark. Vedtektene er sist endret på Generalforsamlingen 2023.

Vedtekter for Sparebanken DIN Telemark

KAP 1. FØRETAKSNAMN. FORRETNINGSKONTOR. FØREMÅL.

§ 1-1 Føretaksnamn og forretningskontor

Sparebanken DIN Telemark er skipa ved samanslutning av Bø Sparebank og Seljord Sparebank den 4. oktober 2013.  Bø sparebank vart skipa 15. mars 1852, medan Seljord Sparebank vart skipa 10. april 1937.

Sparebanken DIN Telemark har forretningskontoret sitt i Midt-Telemark kommune i Telemark.

§ 1-2 Føremål

Sparebanken sitt føremål er å utføre forretningar og tenester som det er vanleg eller naturleg at sparebankar kan utføre, i samsvar med gjeldande lover og gjevne konsesjonar.  Sparebanken DIN Telemark si verksemd skal bidra til positiv utvikling i banken sitt nærområde.

KAP 2. EIGENKAPITALEN TIL SPAREBANKEN

§ 2-1 Grunnfondet

Bø Sparebank sitt opphavlege grunnfond, 536 spesidalar, var ytt av det nedlagde kornmagasinet i Bø.  Grunnfondet skal ikkje betalast attende. Seljord Sparebank sitt opphavlege grunnfond er attendebetalt.

Skiparar eller andre har ikkje rett til utbytte av verksemda, utover eventuell forrenting på eigenkapitalbevis. 

§ 2-2 Eigardelskapital

Sparebanken DIN Telemark har høve til å utferda omsetjelege eigenkapitalbevis. Eigenkapitalbevisa skal vera registrerte i Verdipapirsentralen.

Den eigardelskapital som Sparebanken DIN Telemark har skrive ut, utgjer kr 224.147.000 fordelt på 2.241.470 eigenkapitalbevis pålydande kr 100 fullt innbetalt.

Overdraging eller kjøp av eigardelskapital krev samtykke av Sparebanken DIN Telemark.

Det er ikkje høve til å pantsette eigenkapitalbevis.

Eit vedtak i generalforsamlinga om å setja ned heile eller delar av eigardelskapitalen ved å dele ut kapitalen til eigarane av eigenkapitalbevis, krev godkjenning frå minst to tredeler av dei stemmer som blir gjevne av medlemmer som er valde av desse.

KAP 3. GENERALFORSAMLING

§ 3-1 Generalforsamling

Generalforsamlinga er den øvste avgjerdsmakta i sparebanken. 

Generalforsamlinga skal ha 16 medlemmer med 8 varamedlemmer.  Det skal leggjast vekt på at dei valde medlemmene samla speglar sparebanken sin kundestruktur og andre interessegrupper, samt samfunnsfunksjonen.

Medlemmene og varamedlemmene av generalforsamlinga møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmaktshavar eller med rådgjevar.

§ 3-2 Samansetjinga av generalforsamlinga

8 medlemmer og 4 varamedlemmer vert valde av og blant kundane til sparebanken. Kundane kan velje medlemmer og varamedlemmer i begge valkrinsane. Av desse må minimum 4 medlemmer og 2 varamedlemmer bli valde av og blant innskytarane  til sparebanken.  Innskytarane kan velje medlemmer og varamedlemmer i begge valkrinsane. 

I Generalforsamlinga må 4 medlemmer og 2 varamedlemmer ha bustad eller virke i valkrins Bø, og 4 medlemmer og 2 varamedlemmer ha bustad eller virke i valkrins Seljord.

Valkrins Bø omfattar kommunane Midt-Telemark og Nome. 

Valkrins Seljord omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje.

4 medlemmer og 2 varamedlem vert valde av og blant dei tilsette. 

Eigarane av eigenkapitalbevis har rett til sjølv å nemne 4 medlemmer og 2 varamedlemmer til generalforsamlinga i Sparebanken DIN Telemark.

§ 3-3 Val til generalforsamlinga

Medlemmer og varamedlemmer kan bli valde når dei har hatt innskott eller lån i Sparebanken DIN Telemark over det minstebeløp og av den varigheit som er fastsett i forskrift.

Myndige og juridiske personar kan bli valde som medlemmer og varamedlemmer av generalforsamlinga.  

Medlemmer i generalforsamlinga som ikkje lenger er valbare, går ut av generalforsamlinga og varamedlem tek hans eller hennes plass.

Valde medlemmer og varamedlemmer til generalforsamlinga vert valde for 4 år.

Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.

Tvistar om valet vert avgjorde av Finanstilsynet der dette fylgjer av lov eller forskrift.

§ 3-4 Medlemmer til generalforsamlinga valde av kundane

Dei myndige, personlege kundane, og dei juridiske personane i Sparebanken DIN Telemark som har bustad eller sitt virke i valkrins Bø og valkrins Seljord, og har hatt innskott eller lån i Sparebanken DIN Telemark over det minstebeløp og av den varigheit som er fastsett i forskrift, har røysterett og kan veljast når kundane skal velja medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga i Sparebanken DIN Telemark.  Kvart kundeforhold gjev ei røyst i kvar valkrins når ikkje anna fylgjer av lova eller vedtektene.

§ 3-5 Medlemmer til generalforsamlinga valde av dei tilsette

Dei tilsette i Sparebanken DIN Telemark har røysterett når det skal veljast medlemmer blant dei tilsette til generalforsamlinga i Sparebanken DIN Telemark.

Dei tilsette i Sparebanken DIN Telemark kan veljast som medlem eller varamedlem til generalforsamlinga i Sparebanken DIN Telemark som representantar for dei tilsette.

§ 3-6 Eigenkapitalbeviseigarane i generalforsamlinga

Styra i sparebankstiftingane vel kvar to personar som skal representere og gi stemme for stiftingane på generalforsamlinga i Sparebanken DIN Telemark.

”Forskrift om eigenkapitalbevis i sparebankar mv.” gjeld for valet til eigenkapitalbeviseigarane.

§ 3-7 Innkalling til generalforsamling 

Ordinær generalforsamling skal haldast seinast i mars månad kvart år. 

Når dokument om saker som skal takast opp på generalforsamlinga, er gjort tilgjengeleg  for medlemmene på nettsidene til sparebanken, gjeld ikkje lovkravet om at dokumenta skal sendast til medlemmene. Det same gjeld dokument som etter lova skal vera del av eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Ein medlem av generalforsamlinga kan likevel krevja å få tilsendt dokument om saker som skal takast opp på generalforsamlinga. 

Medlemmer som ikkje kan møte i generalforsamlinga, skal melde dette til sparebanken så snart råd er og seinast fem dagar før møtet. Varamedlem skal kallast inn om ordinært medlem melder forfall.

§ 3-8 Møte og vedtak i generalforsamlinga

Møter i generalforsamlinga vert opna og leia av generalforsamlinga sin leiar.

Kvar medlem av generalforsamlinga har ei røyst. 

Avgjerder i generalforsamlinga vert gjorde med fleirtal av dei gjevne røystene om ikkje anna går fram av desse vedtektene. Står røystene likt, gjeld det som møteleiaren røystar for.

§ 3-9 Oppgåvene til generalforsamlinga

På den ordinære generalforsamlinga skal desse sakene handsamast og avgjerast:

  • Val av generalforsamlingas leiar og nestleiar for 2 år. 
  • Godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga, under dette disponering av overskot/utdeling av utbyte
  • Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga

Vedtak om, eller fullmakt til å ta opp ansvarleg lån eller annan eigenkapital vert gjort av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.

KAP 4. STYRET OG DAGLEG LEIING

§ 4-1 Samansetjinga av styret og oppgåvene

Styret har  5 medlemmer med 1 varamedlem som vert valde av generalforsamlinga.  Av dei har minst 2 medlemmer bustad eller virke i valkrins Bø og minst 2 medlemmer bustad eller virke i valkrins Seljord.  Inntil 1 medlem og varamedlemmen kan veljast utanfor valkrinsane.

I tillegg kan dei tilsette krevja representasjon i styret etter lova.

Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmer er til stades.

Styreleiaren og nestleiar vert valde særskilt for 2 år.

Medlemmene og varamedlemmene til styret vert valde for 2 år.

Styret sine oppgåver og ansvar for tilsyn med verksemda

Forvaltninga av banken høyrer under styret.  Styret skal syte for forsvarleg organisering av verksemda, under dette sjå til at krav til organisering av banken og etablering av forsvarlege styrings- og kontrollsystem blir utførde.

Styret skal fastsetje planar og budsjett for verksemda til banken.  Styret skal og fastsetje retningsliner for verksemda, under dette reglar om teieplikt for opplysningar om banken og kundar, samt den verksemd som blir drive.

Styret skal halde seg orientert om banken si økonomiske stilling og dei plikter drifta fører med seg.  Ein skal og sjå til at verksemda ein driv, rekneskap og forvaltning av formuen er under trygg kontroll.

Styret skal minst ein gong kvart kvartal ha møte med revisor utan at dagleg leiar, eller andre frå den daglege leiinga er til stades, dersom ikkje anna går fram av instruks for styret.

Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga av banken og verksemda ein driv.  
Styret skal fastsetje instruks for administrerande banksjef, og syte for at administrerande banksjef regelmessig gjev styret orientering om verksemda til banken, stillinga og resultatutviklinga.

Styret set i verk dei undersøkingar dei finn nødvendig for å kunne utføre sine oppgåver.  Styret skal setje i verk slike undersøkingar dersom det blir stilt krav om det av eit eller fleire styremedlem.

Oppgåvene til styret fylgjer elles av lov og forskrifter.

§ 4-2 Dagleg leiar

Sparebanken DIN Telemark skal ha ein dagleg leiar. Den daglege leiaren vert tilsett av styret.

Oppgåvene til den dagleg leiaren fylgjer av lov og forskrifter samt instruks for administrerande banksjef.

KAP. 5 VALNEMND

§ 5-1 Samansetjinga av valnemndene

Ei Valnemnd med 5 medlemmer med personlege varamedlemmer blir valde av og blant medlemmene i Generalforsamlinga.  Av dei skal 1 medlem med varamedlem veljast frå valkrins Bø, 1 medlem med varamedlem frå valkrins Seljord og eit medlem med varamedlem frå dei tilsette, 1 medlem med varamedlem frå Sparebankstiftinga Bø og 1 medlem med varamedlem frå Sparebankstiftinga Seljord. Valet gjeld for 2 år om gongen.  Valnemnda konstituerer seg sjølv. 

§ 5-2 Arbeidet i valnemndene

Valnemnda skal førebu kundane sine val til generalforsamlinga, og generalforsamlinga sitt val av banken sitt styre og valnemnd (jf. § 3-2 første ledd, § 3-3, § 3-4, § 4-1 og § 5-1 første ledd).

Valnemnda for generalforsamlinga sine val gjer framlegg om godtgjering til tillitsvalde og revisor.

Valnemnda skal grunngje si innstilling.

Generalforsamlinga fastset nærare instruks om valnemndene sitt arbeid.

KAP. 6 BRUK AV OVERSKOT OG INNDEKKING AV UNDERSKOT

§ 6-1 Bruk av overskot

Overskotet av verksemda til banken etter frådrag av utbyte og utdeling av gåver skal leggjast til banken sitt fond. 

Årsoverskotet og utbytemidlane vert fordelte mellom grunnfondet til banken og eigardelskapitalen. Utbyttemidlar kan nyttast til utbyte på eigardelskapitalen, til gåver til ålmennyttige føremål, overførast til gåvefond eller overførast til stiftingar med ålmennyttige føremål.

§ 6-2 Inndekking av underskot

Underskot etter resultatrekneskapen for siste rekneskapsår skal ein fyrst freista å dekkja med forholdsvis overføring frå grunnfondskapitalen, irekna gåvefondet, og den eigardelskapitalen som overstig vedtektsfesta eigardelskapital, irekna utjamningsfondet. Underskot som ikkje vert dekt slik, skal dekkjast med forholdsvis overføring frå overkursfondet og kompensasjonsfondet. 
Underskot ut over dette skal dekkjast ved nedsetjing av vedtektsfesta eigardelskapital og eventuelt ved nedsetjing av annan kapital.

KAP 7. VEDTEKTSENDRINGAR

§ 7-1 Vedtektsendringar

Endring av desse vedtektene kan vedtakast av generalforsamlinga. Avgjerd om å endra vedtektene i sparebanken krev stønad frå minst to tredelar av dei gjevne røystene.

§ 7-2 Vedtektene gjeld frå

Desse vedtektene tek til å gjelde når dei er godkjende av Generalforsamlinga 29.03.2023 og av Finanstilsynet.

KAP 8. AVVIKLING

§ 8-1 Avgjerd om avvikling av sparebanken

Generalforsamlinga tek stilling til styrets forslag om avvikling av sparebanken. Vedtak om avvikling skal gjerast med same fleirtal som for vedtektsendringar.

§ 8-2 Disponering av kapitalen til sparebanken ved avvikling

Etter at alle skyldnader er dekte, skal den del av eigardelskapitalen og overkursfondet som er tilbake fordelast forholdsvis mellom eigarane av eigenkapitalbevis.  Dei andre overskytande midlane til sparebanken, overførast til ei eller fleire sparebankstiftingar.

Våre styrende organer

Les mer om hvordan våre styrende organer med generalforsamling og bankens styre fungerer her.

Les mer her