Ny støtteordning skal hjelpe lokale bedrifter å bli Miljøfyrtårn-sertifisert

Sparebanken DIN Telemark lanserer no ei eiga støtteordning for verksemder som vil bli Miljøfyrtårn-sertifisert. På frokostmøtet i samarbeid med Telemark Næringshage får du vite meir – både om støtteordninga, ulike sertifiseringsløp og ein lokal gladnyheit for næringslivet i Seljord.

– Vi ser at fleire bedrifter ønskjer å ta grep, men at økonomi ofte er eit hinder. Difor har vi no oppretta ei støtteordning for miljøsertifisering, fortel Vegard Hauk Bjerkeli, leiar for bedriftsmarknad i Sparebanken DIN Telemark.

– På frokostmøtet vil vi vise korleis ordninga fungerer – og korleis bedrifter i regionen konkret kan søke.

Saman med banken stiller òg Telemark Næringshage. Miljøfyrtårnkonsulent Ida Kasin Frøislie vil gi deltakarane ei innføring i kva det inneber å bli miljøsertifisert, og korleis ein kan gå fram – anten åleine eller saman med andre.

– Vi ser at fleire ønskjer å jobbe strukturert med miljø og berekraft, men manglar oversikt over kva som krevst. Eg kjem til å fortelje om sertifiseringsløpa, kva støtte som finst, og korleis Miljøfyrtårn-sertifisering òg kan hjelpe i møte med dei nye krava frå EU, seier Frøislie.

– Og ikkje minst har vi ei gladnyheit til næringslivet i Seljord, som eg skal dele på møtet – eit nytt lokalt initiativ som skal gje fleire eit puff i riktig retning.

Frokostmøtet er gratis og ope for alle næringsdrivande. 

Frukostmøtet er utsett til eit seinare tidspunkt. Dersom du allereie var påmeld, vil du få beskjed når vi har ny dato.