
Møt oss på Dyrsku’n
Frå 12. til 14. september finn du Sparebanken DIN Telemark på stand H410 under Dyrsku’n i Seljord. Her møter du våre flinke rådgjevarar som gjerne tek ein prat med deg om sparing, lån og forsikring – og sjølvsagt byr vi på ein god kopp kaffi.
I år kan du òg vere med i vår populære konkurranse!
Nytt av året er at du kan vinne ein kickstart på fondssparinga di i samarbeid med Norne Securities. Vi trekkjer ut tre heldige vinnarar, som kvar får 2.500 kroner i fondssparing.
Hausten er ei perfekt tid til å tenkje langsiktig. Kanskje sparar du til draumereisa, bustad, bil – eller eit bryllaup? Med rett sparing kan draumane dine kome nærare.
Velkomen innom til ein hyggeleg prat – vi gler oss til å treffe deg på Dyrsku’n!