Opplev før-premieren på storfilmen Blücher 🎬

Sparebanken DIN Telemark inviterer kundar med følgje til ei unik kinooppleving!

Tysdag 23. september kan du bli med på før-premiere av storfilmen Blücher – anten på Notodden eller i Bø. Ta med deg ektefelle, kjæreste, ein venn eller partner, og del ei minnerik filmoppleving med oss.

Både regissør Daniel Fahre og produset Knut Inge Solbu vil vere til stades i salen, og gi publikum eit unikt innblikk i prosessen bak filmen.

🎟️ Bø – før-premiere kl. 18.30

I samarbeid med Fenomen og filmselskapet bak filmen har me fått tak i 70 billettar til før-premieren i Bø same dag.

Her blir det god stemning og ein flott sjanse til å vere blant dei første som ser filmen – saman med din ektefelle, kjæreste, venn eller partner.

Gå til skjema

🎟️ Notodden – eksklusiv før-premiere kl. 20.00

Me har heile kinosalen på Notodden for oss sjølve!

Her får du og din +1 oppleve filmen i ein heilt eksklusiv setting, berre saman med andre inviterte gjester frå Sparebanken DIN Telemark.

Gå til skjema

Om filmen Blücher

Blücher er eit nervepirrande historisk drama om eit av dei mest avgjerande augneblikka i norsk historie.

Bjørn Sundquist spelar oberst Birger Eriksen på Oscarsborg festning 9. april 1940, då Tyskland gjekk til angrep på Norge. Mot alle odds, med uerfarne soldatar og gammalt utstyr, tok han valet som endra historia.

Filmen er regissert av Daniel Fahre, kjent for tv-suksessen Rådebank. Dette er hans spelefilmdebut.