Samla småbarnsforeldre til økonomiprat og fellesskap

Onsdag 25. februar inviterte Sparebanken DIN Telemark til sitt aller første barseltreff i Seljord – eit nytt og inkluderande tiltak retta mot foreldre i permisjon. Arrangementet vart raskt fullteikna, noko som viser at behovet for både fagleg påfyll og ein sosial møteplass er stort i denne fasen av livet.

– Me er veldig glade for responsen. Det seier noko om at dette er eit tema som opptek mange, seier Anne Mari Sogn, rådgjevar i Sparebanken DIN Telemark.
Sjølv om det vart nokre få fråfall på sjølve dagen, er det heilt naturleg når ein samlar småbarnsfamiliar. Sjukdom og uforutsette hendingar kan fort dukke opp når ein har små born i hus. Likevel var det godt oppmøte og ei fin ramme rundt samlinga.

Økonomi i ein ny livsfase

Å få barn inneber store endringar – også økonomisk. Under barseltreffet fekk deltakarane nyttige råd og rettleiing om økonomi i småbarnsfasen. Tema som sparing til barn, forsikringar, permisjonstid, kvardagsøkonomi og langsiktig planlegging stod på agendaen.

Rådgivarane Silje Jønnardalen, Margit Haukvik og Anne Mari Sogn stod for gjennomføringa av treffet. Dei delte både fagleg kompetanse og praktiske råd som deltakarane kan ta med seg vidare i livet som foreldre.

– Det handlar ikkje berre om tal og budsjett, men om tryggleik og gode val for familien. Me ønskjer å vere ein støttespelar i dei ulike fasane av livet, og småbarnstida er utan tvil ei av dei viktigaste, seier Silje Jønnardalen, rådgjevar i Sparebanken DIN Telemark.

Rådgivarane Silje Jønnardalen, Margit Haukvik og Anne Mari Sogn stod for gjennomføringa av treffet. 

Ein møteplass i permisjonstida

I tillegg til det faglege innhaldet, la banken vekt på å skape ei uformell og hyggeleg ramme der foreldre kunne møte andre i same livssituasjon. Permisjonstida kan vere både fin og krevjande, og det å kunne dele erfaringar og knyte kontaktar lokalt betyr mykje.

Sparebanken DIN Telemark ser på det første barseltreffet som ein vellukka start, og utelukkar ikkje at det kan kome fleire liknande arrangement i framtida.

– Me ønskjer å vere tett på folk – også når livet er nytt, stort og litt overveldande. Responsen me har fått gir absolutt motivasjon til å vidareutvikle konseptet, fortel Margit Haukvik, rådgjevar og ung-ansvarleg i Sparebanken DIN Telemark.